søndag 6. august 2017

Søndags-økt, Romedalen

 

They see us rollin'

 
Vi tel no 12 dagar til vi set oss på flyet på veg til Grønland! "Kva skjedde med tida, liksom?" Det har pluttseleg gått fort..
 
Men, i mellom tida driv vi fortsatt med å forbrede oss: Vi tok dagens dekk-økt i fine Romedalen!
 
"Vi går rett på, same kva vi støyter på...!" Neida, vi delar vegen med dei fleste vi møter.

 
Tusen takk til Gunnar Kolås som stoppa og gav oss løfse, tipp topp!


Ikkje alltid like lett å ta bilete der alle ser nokon lunde rektige ut på same tid...
 

Skue over fremste Romedalen.
 
 
 

onsdag 2. august 2017

Skulle sendt en palle takk!

Vår "to-do" - liste har verkeleg minka. Ein palle med bagasje og utstyr var sendt for ei veke sidan, og det einaste me skal reise med når me fer om 2 veker er ein ryggsekk, oss sjølv og kvarandre :)

Eit steg nærare!

Full hengar og tålmodige bikkjer bak.

Me takkar Chlas Olson for lån av plastemaskin.....

.....og Anders for tålmodig svetting på årets varmaste dag :) 



mandag 24. juli 2017

Telt

Knytt til dette temaet vert det ofte store diskusjonar når folk skal ut på lengre turar. Det faktum at ei god natts søvn er viktig for å yte, kombinert med ynskjet om låg vekt og gjerne fornuftig pris, gjer at ein ofte tenkjer seg om både ein og to gonger. Me har i stor grad velt å nytte det me har frå før. Dette kan me, fordi at det me har frå før faktisk held mål. Telt er tryggleik. Søvn er restitusjon, og i siste ledd grunnleggande for tryggleiken.

Det er utruleg kor kort tid ein treng for på å rote ut eit heilt "rom"...
 Mantraet på vintertelt har jo alltid vore "4-manns til 3 personar og 3-manns til 3 personar", pga auka utstyrs-og klesmengde på vinteren. Ein har også potensielt meir "telttid" ved dårleg ver osv. Me har to like telt i 4-manns og 3-manns utgåve. Me går no for 3-mannsteltet, sjølv om me er tre. Dette hovudsakleg for å spare vekt. Me skal bere alt på ryggen dei siste dagane. 


Det ser så skjørt ut, men toler langt meir enn ein skulle tru.
Det skal seiast at dette teltet er eit reelt 3-mannstelt, ikkje eit 3-manstelt som eigentleg knapt har plass til to, slik det ofte kan vere i teltverda. 

Viktige krav ein stiller til eit langturstelt vinter er:

  1. Kraftig nok duk og stenger. Moglegheit for dobbelt stangsett ved turar der det er eit behov.
  2. Kjapt og enkelt oppsett, som let seg gjennomføre i dårleg ver med vottar på.
  3. God ventilasjon, med høgt plasserte ventilar som ikkje føykar nede. 
  4. Gjerne dør som tillet at du kan lage "terskel" for føyke; altså at du kan opne den frå toppen og stige inn, men dette er ikkje ei "must".
  5. Kraftige glidelåsar som ikkje isar sunde. 
  6. For komforten sin del er det godt med litt takhøgde, dog er det noko usemje kring dette då ein meinar at det auka vindfanget utgjer ein tryggleiksrisiko. 
  7. Ein del folk sett pris på eit stort fortelt, då ein har moglegheite til å grave grop som gjer at ein kan stå oppreist å halde på. Det er heller ikkje alle som er komfortable me då ha brennaren inne i innnerteltet,  pga trygleiken. I tillegg avgis det ved snøsmelsting ein del damp som legg seg i innerteltet og etterkvart frys til rim. 
  8. Når ein er fleir enn 2 personar i eit telt er det greit med 2 inngangar, om ein ikkje er over snittet velorganisert.
Desse krava finn ein tilfreddstilt i mange gode telt i dag. Dei har nokså stive veiledande prisar, men ein kan også vere heldig å finne dei til fine prisar knapt brukt på finn, i outlet eller på "utanfor-sessong-salg".

mandag 17. juli 2017

Historieforteljing og foredrag

Det er høve til å tinge oss for å fortelje og syne bileter frå vår ferd over innlandsisen.

Me held også tematiske foredrag på bestilling. Døme på dette kan vere "Gruppedynamikk på langtur", "Tur som prosjektarbeid - overføring til arbeid og familieliv", "Praktisk om vinterfelt" o.l.

Ein kjem seg ikkje over innlandsisen uten å ha vore på tur før, og me fortel og syner gjerne bilete også frå tidlegare prosjekt, med og utan born.



Ta kontakt på vår facebookside Nansenruta2017, eller på telefon for ein hyggeleg prat og referansar om du ynskjer det.

Therese M. Øye: +47 944 98 788
Linda E. Eiken +47 904 17 039
Miranda M. Tryggeset +47 970 05 856

For prisliste og føresetnader, ta kontakt på e-post therese.moe.oye@gmail.com.

Val av utstyr for ei skikryssing av Grønland

Knytt til slike lengre turar som dette, er det mange som tenkjer at ein treng veldig mykje nytt og/eller dyrt utstyr. Me vil hevde at behovet for nytt utstyr er mindre enn mange trur. Har ein det ein treng for å greie seg på overnattingturar  i det norske høgfjellet, kan ein ofte greie seg godt med dette, med små justeringar og modifikasjonar. Går du med ei guida gruppe, kan du ofte greie deg også utan å ha komplett utstyr frå før, då dei ofte har telt, kokeapparat og pulk til låns.

Underteikna sin vinterpose.
Denne skal supplerast med ein sommarpose og ei deilig varmeflaske,
så held han for det komande eventyret. 

Det som kan gi behov for nye anskaffelsar, er dersom noko er veldig slitt. Dette fordi brukstimane vert så veldig mange på ein slik tur, og dersom noko er slitt frå før er det ein sjangse for at det ikkje held heile vegen, eller at ein må til med ein del reparasajonar. Ein skal gå mykje dagsturar heime, før ein har det talet brukstimar på til dømes ei skalljakke, som ein får på ein lengre skitur.

Godt brukt pulksele.
Han har mange timar til med trekking i seg,
men med saumar som raknar og hol histen og pisten,
vert han nedgradert til treningssele,
og ein ny blir med til Grønland.

I tillegg kan ein velje å gjere nokre innkjøp som handlar om å lage ein meir komfortabel eller praktisk kvardag, meir enn at det er ypperst nødvendig. Mange vil til dømes velje å ta med eit stolsett til oppblåsbart liggeunderlag. Då kan ein enkelt bruke liggeunderlaget sitt som stol, og få sitte litt "vanleg" inn i mellom Kanskje kan ein dele på eit? Andre "komfortprodukt" som mange vel å nytte seg av er Arcticbedding, teltpose og ekstra varme skistøvlar med integrerte gamasjar.

Livet i eit stolsett er nokså comfy.
Pass berre på å ikkje la tenåringen få kloa i det! :)

Me har med eit chair-kit på deling, og så har alle sett det praktiske i ein arcticbedding. Fottøy er kritisk på langtur, og val av skistøvel bør viast tid og prøving. 


Crispi Svalbard. Varm og god skitøvel med integrert gamasj.
Stiv nok til å hjelpe føtene godt ved lange dagar på "ruskette" føre.

Me har droppa teltposen, då me er tre på tur. Me er nok hender til å kunne handskast med telt under dei fleste forhold. Derimot om ein er berre to, eller kanskje åleine, kan den vere eit flott hjelpemiddel for trygt og raskt oppsett av telt i dårleg ver. Den er også nokså enkel å lage sjølv, for den som er litt handy. Då vert det særs rimeleg. Alle har bensinbrennerar frå Merkjet MSR, noko som gjer det veldig enkelt med omsyn til både reparasjonar og ekstra delar. 




Elles er det tryggleiks- og kommunikasjonsutstyr, som sjeldan er allemannseige, samt breutstyr. Radio, satelittelefon og nødpeilesendar kan ofte leigast for ein grei pris hjå ulike aktørar på nett, våpen kan ein med utlånserklæring låne, om ein elles fyller krava for å besitte våpen. Behovet for breutstyr er ikkje av den avanserte typen, så er ein i stand til gjere denne turen på eiga hand, har ein gjerne slikt utstyr liggande også. Går ein med guide, vil guidefirmaet ein går med halde dette,

Ein treng altså ikkje soveposar i 12 000 kr klassen, eller skallkle i 15 000 kronersklassen for å gjere denne turen. Må ein ha nye skallkle fordi dei gamle er slitt, har mellom anna Bergans eit økonomivennleg sett med jakke og bukse, som er topp til slike turar om dette. Din lokale sportsbutikk kan heilt sikkert få tak i det for deg, om dei ikkje har det inne.  Me seier ikkje at det er billig. Men det er mindre dyrt. Finn.no er også ein fantastisk plass for å utruste seg med det ein manglar. Har du sans for funksjonalitet framfor merket, er det mange gode kupp å gjere der.

Eit generelt råd er å teste alt før avreise. Å stille på startstreken utan å kjenne til korleis det nye/modifiserte/lånte utstyret funkar for deg, kan by på overraskingar av det ubehagelege slaget.

Me vil i nokre innlegg framover seie litt om noko av det utstyret me har velt å oppgradre eller utbetre, framfor denne turen. Om du nyttar etikettsorteringa nede i venstre kolonne, kan du finne stikkord som "sovepose", "liggeunderlag", "telt", "bekledning" "brennar" osv. Trykker du på det aktuelle stikkord, finn du nokre ord om respektive produkt. Vonar de finn det nyttig :) 

Formalia, myndigheiter og konsulenttenester


Før ei kryssing av Grønland, er det nokre formalia som må på plass.

Ferdselen på innlandsisen er regulert, og ein må søkje løyve for kryssing. Knytt til dette løyvet er det stilt ein del krav ein må innfri med omsyn til erfaring, kompetanse og utstyr. Me skal her forsøke å gjere greie for desse formalia i kronologisk rekkefølgje, kanskje kan det vere til nytte for deg om du skal gjere det same seinare :)

1: Søkje løyve elektronisk. I tillegg til opplysningar om opphaldets varigheit, formål, rute og logistikk, samt personopplysningar, må ein oppgi nummer til satelittelefon, nødpeilesendar, evt InReach, samt radionummer. Ein må oppgi om ein tek med våpen eller andre sikringsmidlar med omsynt til isbjørn. Det er ein del informasjon som skal inn i denne søknaden, så det er lurt å starte tidleg. Vi søkte i starten av Mars. For ei vårkryssing ville eg vore enno tidlegare ute.

2: Betale søknadsavgift på 4 000 danske kroner. Ettersende kvittering til ekspedisjonskontoret hjå Ministry of Nature and Environment.

3: Søkje VHF/radioløyve.



4: Ordne med SARforsikring (per dato berre Kalaallit som tilbyr denne) og betale den i tide, i henhald til gjeldande reglar. Endar typisk på mellom 7 500 NOK og 15 000 NOK for ei kryssing.

Lars Ebbesen er ein ringrev i polare eventyr og ekspedisjonar, og han sel ymse konsulenttenester, etter kva ein har behov for. Me har velt å nytte han til mellom anna verteneste medan me er på Grønland, til å kome i kontakt med aktørar som tilbyr båtskyss og for bistand til papirarbeidet. Dei siste to punkta vil me i stor grad kunne gjere sjølve. Det har me gjort når me har vore på Svalbard, og gjer det nok ved neste anledning. 

Likevel; det å ha ein slik ressurs med seg no, når ein gjer det for første gang, ved sida av familie og full jobb, har vore ei sann velsigning, og særs lærerikt. Grønland er hakket meir omfattande papirmessig enn Svalbard. Det renn Grønlandskunnskap ut av mannen, og denne nyt me godt av. 

Trening, pakking, logsitikk og matplanar lagar me i hovudsak sjølve, med Lars som ein nyttig sparringpartner. Berre det å få stadfesta at ein er på rett spor, kan innimellom vere godt. 

tirsdag 4. juli 2017

Med turlunsj i særklasse

I dag fekk me tilsendt ei kasse med spekemat frå Stranda. Fjellbris, Fenalår, Westfaler, Strandaskinke og Mørsnakcks skal jazze opp lunjssuppa vår til eit skikkeleg herremåltid. Tenna står allereie i vatn. Takk til Stranda for denne gavepakken!

Oh jolly day! Kvalitetsmat frå Sunnmøre på lasset.

#nytstranda

mandag 26. juni 2017

Teamtur på Hardangervidda - eit par månader etter

Nokre i denne turgruppa er meir distrè enn andre.....desse nokre er tilfeldigvis dei som tek flest bileter......desse to nokre, har ikkje hatt sine kamera i hende før nyleg....av uvisse årsaker. Men altså, betre seint enn aldri, her fyl ein liten bileterapport frå vår tur frå Finse til Haukeli. Miranda var ikkje med på denne treningsturen då ho diverre ikkje hadde høve. Ho var sakna :) Vind og nedbør, kompasskurs og brøyting dominerte dagane meir enn normalt. Som vanleg enklare å ta bilete i godt ver enn i dårleg, så det kan ratt sjå ut som det var fint heile vegen. Og det er jo slik me helst vil huske det ;)

Turens bursdagsbarn har fått seg ballongar

Noko kvitt men framleis bra med haldepunkt i terrenget. Godt å ha svarte flekkar å kvile augene på.

Kan ein få tre store inni ein tomanns vindsekk laga for petite sør-europeerar? JADA!

Ein av dagane det verkeleg klårna utpå, og blei nydeleg.

Morgonstund.

Enkelte dagar er det enklare å pakke inn og ut av pulken "innomhuses".



Blidfisar

Mat, mat , mat!

Bursdagballongar

Teltliv, med luftfriskarane på rad og rekkje i taket.

Linda og Anders kosar seg inn og opp Lakadalen.

Sjarmøretappe frå Hellevassbu til Haukeli. Finfint ver, med bitande kulde når sola gjekk ned. 

Sol ned. Kulden  bit i nasetippen.
Etter denne turen melde to personar forfall til Grønland. Udramatisk, og heilt nødvendig. Ein del av prosessen med å sette ei gruppe for ein slik tur.

søndag 18. juni 2017

Langøkt!

 

Treningsavtale

 
 
 
Det kan ofte vere freistande å slumre eit par gongar til før ein må stå opp, fleire kjenner seg nok att akkurat der. Spesielt når ein veit det er laurdags morgon, og første fridag etter arbeidsveka. Men ein kjem ingen vei med å slumre seg gjennom livet, her er det berre å trå til. Vi, Therese og eg, har avtalt langøkt i dag, og vi står klar med dekka festa på slep, før kl 09.00!
 
Nokon som manglar ei dose skjennheitssøvn! Kjenner på at eg var litt for sosial i går kveld, til litt for longt på natta..


Vi parkerer ved enden av Pamoramavegen framme i Vatnedalen, her startar dagens dekk-trekk. Vi går med Miranda i tankane vora, og kryssar fingrane for henne. Ho er på Nøsen for å ta eksamen i helga! (Vi er eigentlig ganske sikkre på at ho klarar det veldig fint). :)

Therese i fint driv. Vi kan sjå Vatnevatnet der nede.
 

Nemlig! Det viser seg kvar gong.... ;)
 
 
Vi kjem inn på temaet nesten kvar gong vi må bruke timesvis framfor desse traudigperane, det er jaggu flaks at vi bur her vi gjer! Med desse mogligheitene for treningsturar, upåklaglige kulisser, variert og flott. Det hadde nok ikkje vore like lett å motivere seg til dekk-trekking om vi budde midt i ein storby!
 




Vi stoppar i enden av Dalsvatnet, no har vi gjort unda 8 km. Det er ikkje mange minutta vi treng pause før vi er klare att, dette har vi kjennt på i det siste. Når forma blir betre, treng vi kortare pauser for å vere restituerte og klare att, kjekt det!

Vi måtte vist hoppe ut av selane for ei aldrig so lita pissar-pause med!
 
 
Ankomst Kvanndalen! Det er jamn stigning store delar av vegen opp hit, gjennom Bjørdalen. Det kjennest både her og der, mest bakside lår. Vi mimrar om ei anna langøkt vi hadde denne runda her, for ei tid tilbake. Ein kanon kommentar frå Sygni: "Eg har ikkje vondt i tennene"! Hehe.. ;)
 
 

 
 

 



På retur!


 

På returen. No gir eg blaffen i å svinge unda ruane. Litt ekstra motstand er berre fint!
 
 
Vi er ikkje heilt imponerte av oss sjølve. Tenk å legge ut på langøkt UTAN kaffe og skjokkolade! Heldigvis er Anders-deliver alltidt klar, og han kjem med kaffe, skjokkolade og mat. Gull! Men han seier det klårt og tydeleg, dette blir ikkje råd å gjennomføre på Grønland. Så til dess trengst det skjerpings!

 

Lunsj!


På returen blir det "piss-regn" siste 1,5 timen. Men det gjer ingenting, eigentlig godt å få seg ein bløyt!


 Therese skriv oss i boka på Pamoramavegen.

 
 
Tilbake ved bilen, etter 23,58 km, og 6 t og 20 min. Medreikna alle pauser og stopp. Fornøgde med dagens innsats!

 
 
 
Kartutsnitt:
 
 
 
 
 
 


lørdag 17. juni 2017

Trening

Sjølv om me er ein gjeng som har nokre kilometer med tur i beina får før, vil ein slik tur som dette krevje spesifikk førebuing retta mot det me skal drive med, fordi belastninga er over tid. Ingen av oss har vore på skitur meir enn 14 dagar før. No skal me doble dette. Pulkforma vår vert såleis ein kombinasjon av "kilometer frå tidlegare turliv" og fersk form. Me dreg dekk og pulk for å herde senjane våre, som ofte er det som saman med alvorlege gnagsår, kan gi mest trøbbel og vere vanskeligst å handtere ute i felt. Ein tverkette muskel finnast det råd for, men betennelsar er ofte noko som får fylje ein resten av turen om ein først dreg han på seg. Å drage dekk er i lengda ein noko monoton aktivitet. Difor er me glade for at me bur slik som me gjer, og kan variere med både terreng og type tur, og få litt natur på kjøpet.

Ikkje akkurat dekkterreng....men fin avveksling. Foto: Rune Sæbønes

Me har gjennom året prøvd å variere med antal dekk, kilometer og stigning, men siste månadane fram mot avreise er det kilometervolum som tel, og me prøvar komme oss opp på 6 - 8 t i veka med dekktrekk.

To dekk på ei kvardagsøkt. I midtveka vert det sjeldan meir enn 10 km.

Det er ikkje til å kome frå at me nok synes at reell pulktrekking er hakket meir givande. I tillegg til at me då opererar i vårt "rette element", gir det god skiteknikktrening.

Å fylle gamle maursyredunkar, evt dunkar for syre og base, med vatn, er tingen for å få vekt i pulken. 

Me har lagt på mellom 50 og 90 kg i treningspulken i vinter.

I tillegg til trekking trenar me kondisjon og styrketrening i ymse variantar. Ein treng det, båe for å bygge styrke, og for å herde senjar og ligament, og vonleg unngå betendelsar som følge av ensidig belastning over tid. Mange har spurt om det ikkje vert feil  å trene hard kondisjon når det er "det lange seige draget" som tel. Til det er svaret at ein dæsj målretta konsdisjonstrening gjer noko både med sirkulasjon til musklar i arbeid og oksygenopptak. Eit ok oksygenopptak har noko å seie både for den generelle formen, og ikkje minst for restitusjon, både frå dag til dag, og etter utfordrande økter framfor pulken. Me seier difor; ja takk båe deler! Styrketreninga skil seg frå person til person i turfølgjet, men å styrke dei store musklane i kroppen er fokuset, samt å styrke kjernemuskulatur. Denne er spesielt viktig for god hofte- og rygghelse  på slike turar.

Linda si styrketrening går i stor grad i å lyfte vekter.
Dei sist to mnd før avreise skal forma vere lagt der ho trengs, og ein skal drive vedlikehald. Det er om å gjere å gå inn i ein "toppidrettsmodus", iflg polarveteran- og ekspert Lars Ebbesen. Det vil seie å gjere som toppidrettsutøvarane gjer til ei kvar tid; vokte seg vel for baseluskar, overbelastning og småskadar. Det er så kort tid til avreise, at ein truleg vil stille med redusert kapasitet på startstreken dersom ein dreg på seg noko i desse tider.

For Linda vil det seie å ikkje løpe i terreng der ho kan utsette ankelen sin for overtrakk som riv oppatt det ho skadde i fjor. For Miranda vil det seie å passe kneet sitt, for Martin vil det seie å ikkje dra på seg noko i senjane ved dekktrening fordi han ikkje har dradd så mykje pulk tidlegare, og for Therese vil det seie å halde hofter og skuldrar fleksible og mobile, for å unngå stramme musklar med påfylgjande betennelsar.

Til sist er det berre å seie at det er lite som byggjer turform slik som det å vere på tur. Til tross for mykje overtidsarbeid for å ha råd til å reise, konfirmasjonar, eksamenar og alt anna som livet byd på, har me fått stappa innimellom nokre viktige turdagar. Me har vitja Tafjordfjella, Hardangervidda,  Jostedalsbreen og Jotunheimen, og elles teke småturar der me har fått det til. Slik har me satt gruppe, fått gjort omrokkeringar, og sist men ikkje minst, fått ein påminnar om kvifor me legg ned så mykje tid og arbeid i få få til denne turen.

Stunder som desse.


Ha ein fin Laurdag!