mandag 17. juli 2017

Val av utstyr for ei skikryssing av Grønland

Knytt til slike lengre turar som dette, er det mange som tenkjer at ein treng veldig mykje nytt og/eller dyrt utstyr. Me vil hevde at behovet for nytt utstyr er mindre enn mange trur. Har ein det ein treng for å greie seg på overnattingturar  i det norske høgfjellet, kan ein ofte greie seg godt med dette, med små justeringar og modifikasjonar. Går du med ei guida gruppe, kan du ofte greie deg også utan å ha komplett utstyr frå før, då dei ofte har telt, kokeapparat og pulk til låns.

Underteikna sin vinterpose.
Denne skal supplerast med ein sommarpose og ei deilig varmeflaske,
så held han for det komande eventyret. 

Det som kan gi behov for nye anskaffelsar, er dersom noko er veldig slitt. Dette fordi brukstimane vert så veldig mange på ein slik tur, og dersom noko er slitt frå før er det ein sjangse for at det ikkje held heile vegen, eller at ein må til med ein del reparasajonar. Ein skal gå mykje dagsturar heime, før ein har det talet brukstimar på til dømes ei skalljakke, som ein får på ein lengre skitur.

Godt brukt pulksele.
Han har mange timar til med trekking i seg,
men med saumar som raknar og hol histen og pisten,
vert han nedgradert til treningssele,
og ein ny blir med til Grønland.

I tillegg kan ein velje å gjere nokre innkjøp som handlar om å lage ein meir komfortabel eller praktisk kvardag, meir enn at det er ypperst nødvendig. Mange vil til dømes velje å ta med eit stolsett til oppblåsbart liggeunderlag. Då kan ein enkelt bruke liggeunderlaget sitt som stol, og få sitte litt "vanleg" inn i mellom Kanskje kan ein dele på eit? Andre "komfortprodukt" som mange vel å nytte seg av er Arcticbedding, teltpose og ekstra varme skistøvlar med integrerte gamasjar.

Livet i eit stolsett er nokså comfy.
Pass berre på å ikkje la tenåringen få kloa i det! :)

Me har med eit chair-kit på deling, og så har alle sett det praktiske i ein arcticbedding. Fottøy er kritisk på langtur, og val av skistøvel bør viast tid og prøving. 


Crispi Svalbard. Varm og god skitøvel med integrert gamasj.
Stiv nok til å hjelpe føtene godt ved lange dagar på "ruskette" føre.

Me har droppa teltposen, då me er tre på tur. Me er nok hender til å kunne handskast med telt under dei fleste forhold. Derimot om ein er berre to, eller kanskje åleine, kan den vere eit flott hjelpemiddel for trygt og raskt oppsett av telt i dårleg ver. Den er også nokså enkel å lage sjølv, for den som er litt handy. Då vert det særs rimeleg. Alle har bensinbrennerar frå Merkjet MSR, noko som gjer det veldig enkelt med omsyn til både reparasjonar og ekstra delar. 




Elles er det tryggleiks- og kommunikasjonsutstyr, som sjeldan er allemannseige, samt breutstyr. Radio, satelittelefon og nødpeilesendar kan ofte leigast for ein grei pris hjå ulike aktørar på nett, våpen kan ein med utlånserklæring låne, om ein elles fyller krava for å besitte våpen. Behovet for breutstyr er ikkje av den avanserte typen, så er ein i stand til gjere denne turen på eiga hand, har ein gjerne slikt utstyr liggande også. Går ein med guide, vil guidefirmaet ein går med halde dette,

Ein treng altså ikkje soveposar i 12 000 kr klassen, eller skallkle i 15 000 kronersklassen for å gjere denne turen. Må ein ha nye skallkle fordi dei gamle er slitt, har mellom anna Bergans eit økonomivennleg sett med jakke og bukse, som er topp til slike turar om dette. Din lokale sportsbutikk kan heilt sikkert få tak i det for deg, om dei ikkje har det inne.  Me seier ikkje at det er billig. Men det er mindre dyrt. Finn.no er også ein fantastisk plass for å utruste seg med det ein manglar. Har du sans for funksjonalitet framfor merket, er det mange gode kupp å gjere der.

Eit generelt råd er å teste alt før avreise. Å stille på startstreken utan å kjenne til korleis det nye/modifiserte/lånte utstyret funkar for deg, kan by på overraskingar av det ubehagelege slaget.

Me vil i nokre innlegg framover seie litt om noko av det utstyret me har velt å oppgradre eller utbetre, framfor denne turen. Om du nyttar etikettsorteringa nede i venstre kolonne, kan du finne stikkord som "sovepose", "liggeunderlag", "telt", "bekledning" "brennar" osv. Trykker du på det aktuelle stikkord, finn du nokre ord om respektive produkt. Vonar de finn det nyttig :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar