fredag 30. desember 2016

Hit går ferda

Når me reiser til Grønland skal me gå ei rute som er litt mindre brukt enn den klassiske "Grønland på tvers ruta". Denne ruta går frå aust til vest i staden for omvendt, og me skal gå på hausten. Rutene har uilke føremunar, og ulike utfordringar knytt til seg, likeins vår og haust. Sjølv om Nansenruta har eit historisk sus over seg, er det kanskje først og fremst variasjonene byd på, på denne årstida, som freistar oss mest.

Etter mykje logistikk med bagasje og eit miniopphald på Island, landar me vonleg i Kulusuk på austkysten av Grønland omlag 18 august. Derfrå flyg me viare med helikopter til Tasiilaq. 


Tasiilaq
Foto: The arctic journal

I Tasiilaq gjer me siste rest av førebuingar, før me båtar avgarde til Isortoq og vidare langs kysten til Umivik. Det går føre seg i eit tempo bestemt av ver og føre på sjøen, men vonleg har me første natt på isen ved Umivik 20-21 august. Det vil seie, om me overhovudet kjem oss frå austkysten.....fleire av oss er like spente på austkysten som på resten av ferda, og kjenner eg  meg sjølv, kan eg ratt verte freista til å bli verande att!

Grov oversikt over reise- og skirute
Frå Umivik på austkysten ventar det oss ein stad mellom 21  - 25 dagar på ski, der me etter eit litt kronglette brefall står på toppen av Austmannadalen, på vestkysten. Der ventar det oss tre dagar med vandring. Draumen går i ishavsrøye i meierismør, salt og pepar, gode bål, og ein visitt ved Nansens gamle teltplass samt restane etter vikingbusettingane som finnast der. Vel ute av dalen vert me plukka opp av båt og skyssa til Nuuk. Der er det vel store sjangsar for at me fleskar til med biff og bernaise :) 




onsdag 21. desember 2016

Turgjengen

Hei på deg! 

Om du les dette har du altså ramla innom bloggen vår. Kult! Her inne kan du etterkvart få lese om både førebuing og gjennomføring av ein av våre mange turdraumar; å krysse innlandsisen på Grønland, via den gamle Nansenruta. Me er tre humørfylte jenter som trivast best med dei enkle dagane, og målsettinga vår er klar; me skal ha det bra og trygt på tur!


Linda Eirin Eiken, 27 år

Eg jobbar til dagleg som Helsefagarbeidar på Sæbø. Eg bur på Krøvelen i Åmdal, saman med samboaren min, og her gjer eg også mitt beste for å hjelpe til å drive familiegården hans, populært kalla "Baconhill". I hovudsak driv vi med gris,  men har også nokre sauder for eigen matauk, nokre geiter for kantklipp, to hestar, hund og katt. Me er også ein del av ei samdrift med mjølke og kjøtproduksjon. Mellom slaga tek eg og på meg oppdrag som fjøsrøkter, ein gammal vane frå den tid eg gjekk på skule. Ellers går tida mi mykje til trening og førebuing av draumen om å krysse Grønland, Nansenruta, faktisk! 



Linda har siste åra kursa seg opp på bre, og stadig gått meir på tur i vinterhalvåret. Eit høgdepunkt fram til no har vore ein tolv dagar lang skitur på Svalbard, saman med sambuaren John Magne. Linda har eit ukueleg humør, og ler godt, oftast av seg sjølv. Ho har tatt lange steg innanfor vinterfriluftsliv, spesielt siste året, og meistra dei med bravur.
Therese, 35 år

Eg er ei sunnmørstaus busett i Åmdal, med sambuar Anders, to born på 12 og 14 år, samt periodevis to bonusborn på 7 og 10 år. Ja og ein katt, for ikkje å gløyme henne! Til dagleg arbeidar eg som flyktningkonsulent i Sande kommune, eit verke eg finn særs meiningsfylt. I tillegg studerar eg Natur- og kulturminneoppsyn ved NORD universitet. Sjølv om eg er gla i allsidig friluftsliv, er det nok vinteren som står mitt hjarte nærast, og blå swix får betre fram go`kjensla enn "sand mellom tæra". Eg drøymer om, og førebur for, ein overgang til eit liv levd i, og med naturen, meir enn som forbrukar.





Therese er ein humørspreiar med stor kapasitet. Ho er kunnskapsrik, med allsidig turerfaring, både med og utan born. Ho er roleg når tilhøva dreg seg til, på same tid som ho veit å nyte solskinsdagane. Hennar største styrke er orientering og evnen til å sjå kvar einskild når det tel. 


Miranda, 42 år

Eg har vokst opp på ein gard i Bondalen. Difor; hjørundfjorden= ELSK
Eg har tre herlige born, to jenter på 16 og 18, og ein som dessverre gjekk vekk altfor tidleg. Han rakk å gi liv til ei flott jente, og eg er heldig og får vere ung og leiken farmor. Eg har ein bachelor i friluftsliv, og brenn for å få born og ungdom ut i friluft. Eg vektlegg dei små gledene like mykje som dei meir ekstreme variantane. Eg er utprega gla i vinterfriluftsliv, toppturar på ski og lange skiturar med pulk. Yoga ligg som ein viktig grunnpilar i alle delar av livet mitt. Eg drøymer om å studere "arktisk naturguide" på universitetet på Svalbard.





Miranda har kompetanse som favnar vidt. Ho har vore aktiv i Volda røde kors hjelpekorps i mange år, og var også nokre år innom Volda/Ørsta skredgruppe. Kryssing av Hardangervidda og to vinterturar på Svalbard er nokre av høgdepunkta frå hennar turliv. 

Vegen fram til ei fastsatt og trygg gruppe har vore lang og lærerik. Fleire har vore innom turprosjektet vårt, og forsvunne ut av ulike årsaker. Privatliv/familie, helse og arbeid er alle faktorar som bør vere stabilt plassert når ein skal gjere ein slik tur. Tidsrommet frå ein har bestemt seg for å reise og til faktisk avgang, kan ofte by på endringar i ein eller fleira av desse faktorane, som gjer at ein må gå ein ny runde med omsyn til om ein kan reise eller ikkje. Å trekkje seg ut i tide, er ein krevjande manøver det står respekt av. Me ynskjer dei fine folka som har vore innom, men ikkje blir med denne gongen, fine dagar og gode turstunder.