fredag 9. juni 2017

Eggepulver på 1 - 2 - 3 - 4

Her fyk dagane avgårde, og mange av førebuingane rekk ikkje sjå dagens lys på bloggen før me er i gang med nye. Me skal likevel prøve å vere litt flinke å legge ut mellom anna oppskrifter på mat og pakkelister. Dette er innlegg og informasjon me veit at folk ofte finn nyttig, så det vert prioritert. Først ut er eggepulver. Dette kan lagast på to måtar. Ein kan steike eggerøre, for så å tørke og male denne til eggepulver, eller ein kan piske egga, tømme dei i tynne lag i langpanner, og tørke på direkten utan forsteiking. Den siste varianten er nok den mest ideelle for dei fleste turar, då ein slik tek steikeprosessen for "første" gang når ein nyttar pulveret på tur, og det vil vere enklare å få produktet til å "henge saman", til dømes i ein omelett. 


 Me laga pulver av 20 egg i denne omgang. Omlag to "luksusmåltid" per mann.

Me har likevel valgt å steike eggerøre og male. Det er rett og lett fordi me manglar litt erfaring med eggepulver, og er usikre på haldbarheita når det er såpass lang tid til avreise, og me skal vere lenge borte. Så får det stå si prøve at det vert meir i småmålar når ein skal bruke det. Eg er likevel viss på at det vil smake himmelsk på dag 14 på tur, saman med meierismør, salt og pepar, på eit nysteikt rundstykke.

1: Pisk saman det ynskte antal egg.

2: Steik egegrøre, utan å ha noko anna i enn piska egg. 

3: Spre eggerøra utover eit steikebrett med bakepapir, prøv å rive bitane i minst moglege målar så dei tørkar skikkeleg. Tørk på 60 - 80 grader på varmluft, eller i dehydrator om du har det.

Ferdig tørka har eggerøra fått ein gylden farge og er heilt crispy.

4: Mal opp egga. Bruk litt tid for å få det mest mogleg pulveraktig, gjerne 5 min eller meir.

Det ferdige resultat av 20 egg. Frost- og knusesikkert, haldbart, med lågt volum og ein betydeleg vektreduksjon. Desse 20 vart 260 gr.eggepulver. 

Ved bruk er forholdet omlag 2 delar vatn til ein del egg. 2 ss egg tilsvarar omtrent eit egg.

Bon apetit :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar