mandag 6. mars 2017

Pulkar i fleng

Då har pulkane, eller sklibretta som dette eigentleg er, som me skal bruke på Grønland ankomt. 

I utgangspunktet var planen at me skulle bere med oss alt på ryggen dei siste dagane ut Austmannadalen. Me velde difor å kjøpe to slike brett (parispulk er typen) kvar, og nytte som eit "pulktog", framfor ein stor, tung (og dyr) pulk. Ein parispulk veg lite og er rimeleg.

Legg forresten merkje til fargeforskjellen på dei nye mot eit av dei gamle bretta mine som står ved sidan av! Ingen tvil om at me skal vere sjølvlysande nok i alle fall :D

No kan det imidlertid sjå ut som me skal sende delar av bagasjen ut med eit helikopter som likevel skal inn, og gå med lett sekk dei siste dagane. Då kan me verkeleg nyte å gå på føtene i eit fantastisk landskap, og vonleg få noko smørsteikt ishavsrøye på tallerkenen. 

Når ein ikkje skal bere pulken på ryggen, kunne ein kanskje ynskt seg ein pulk som eignar seg betre i laussnø (mange glasfiberpulkar flyt betre i snøen), men sluttkonklusjonen er at me har ei volum og vektbegrensing også i helikopteret, så det vert nok parisbretta som vert pakka på pallen når me sender bagasjen vår med båt i juli, likevel. Bretta har heilt greide eigenskapar, og store snøfall er meir eit vårfenomen enn eit haustfenomen på Grønland. Me kjenner oss difor nokså trygge på at dette skal fungere greit for oss.


onsdag 15. februar 2017

Mat, mat og atter mat

Me står føre nokre dagar med teambuilding på Hardangervidda, og det er inga fare for at me skal svelte. Denne gongen heller.... Me er eigentleg ein gjeng med matvrak (nokre meir uttalt enn andre), og fleire av oss har eit anstrengt forhold til tørka mat. Eg for min del tenkjer at ein får nok tørrmat på dei turane der vekta på bagasjen er viktig. For ein femdagers på vidda derimot.....kan ein unne seg luksusmiddag ala "heimelaga fjordland". Og omtrent slik ser det ut når me driv og lagar til det:

Mmmmmm.....deilige råvarer.

Ein må ha skikkelege porsjonar sjølvsagt. Ikkje nokon slankeleir me skal på heller!

Kyllinggryte og stroganoff ala Linda

Gryteklar middag ala Anders.
Pasta med ostesaus, bacon og kikerter til venstre.
Kjøtt og grønsaker i midten, skal akkompagnerast av potetmos.
Pasta med tomatsaus og kalkunpølser til høgre. 

Dette funkar slik at me lagar middag som heime, vakuumpakka den og hiv den til frysing. Den held seg som regel kald bakerst i bilen til den kjem i pulken, oftast i temperaturar som gjer at han held seg frossen/semifrossen over mange dagar. Ved tilberedning hiv me heile pakken i kjelen og varmar han. Når han er ferdig varma, skjer me hol på posen og tømer herlegheita i matbollen. Langt betre enn tørrmat og like lite oppvask :)