mandag 6. februar 2017

Vinterhelg i Tafjordfjella - foten funkar og me rockar

Sjølv om me har "jåssa" rundt i nærmiljøet med pulk og trent i vinter, har høvet til å reise inn i fjellet der det verkeleg er vintertilhøve vore begrensa. I helga fekk underteikna saman med ei vennine dog sjangsen. Helga vart ein pangstart på sesongen, og ved heimreise Søndags kveld var det godt å vite at heile Grønlandsgjengen om to veker skal samlast for teambuilding på vidda.

Fjellet....det er heldigvis ikkje lenge til neste gong.
Eg kunne også konstatere at plantar fascitten eg pådrog meg i fjor er i ferd med å komme under kontroll. Plantar Fascitt er eit avansert namn på betennelse i sene/muskelfeste fotbue/hæl. Det er ein særs dårleg kombinasjon med pulk, og eg har arbeidd målretta sidan juni i fjor for å få bukt med den lisje sjiten, noko som betalar seg. No står stillinga i 1-1. Hah!


Vær alltid beredt. Med mindre du kan brenne bål. Brenn då bål.

Sjølvdyrka snø, av typen rim.

Morgonstund har.....kaffe nokon?

Ok pluss, so me lika seie da, når me skal ta hardt i.

Kveldssysler.

Frida Fjellglam. Alltid.

Ei natt ved tregrensa og ei natt oppe på flyene. The game is on! Og med det fyl det at det heretter vert innlegg om trening, logistikk, cargo, flybilettar, SARforsikring og kaloriar. Kaloriar i mengder. Så kos deg, medan bileta framleis handlar om turglede. Om litt kjem bileter av svette, raue andlet, som desperat prøvar å få trykt nok trening inn i kvardagen, og som stendig spør seg sjølve; "kvifor alt dette styret berre for å få gå seg ein skitur?".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar