mandag 28. november 2016

Tjohei no skal det skje!

Etter nokre år med grubling, realisering av andre draumar, og hardt arbeid med timing, er me endeleg ein gjeng som er klare for å ta den lange vegen over innlandsisen på Grønland. Me tel per i dag 6 personar, og målet er at me skal reise hausten 2017.

Her på denne bloggen kan du fylje oss i smått og stort av førebuingar og gjeremål knytt til turen. Kanskje vankar det etterkvart eit og anna bilete frå den store bre? Før den tid er det mykje som skal på plass, og eg trur det er fleire av oss som synes det er skummelt å skulle seie opp i høgt at "no, no reise me pinade!". Likevel har me  tort å byrje gle oss. Me har tort å byrje prate høgt om det. Me har tort å lansere ein blogg der me seier: 

"Me skal gå Nansenruta over den grønlandske innlandsis i 2017".



#gulp #dåvardetsagt

Ha ei fin veke!

Therese, Linda, Henrik, Hege, Miranda og Anders


2 kommentarer:

  1. Gler meg med dokk - håpa inderlig at dokk får høve til å gjennomføre. �� Heia på dokk, og heia for alt det praktiske.

    SvarSlett