Viser innlegg med etiketten grønlandpåtvers. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grønlandpåtvers. Vis alle innlegg

onsdag 2. august 2017

Skulle sendt en palle takk!

Vår "to-do" - liste har verkeleg minka. Ein palle med bagasje og utstyr var sendt for ei veke sidan, og det einaste me skal reise med når me fer om 2 veker er ein ryggsekk, oss sjølv og kvarandre :)

Eit steg nærare!

Full hengar og tålmodige bikkjer bak.

Me takkar Chlas Olson for lån av plastemaskin.....

.....og Anders for tålmodig svetting på årets varmaste dag :) 



mandag 24. juli 2017

Telt

Knytt til dette temaet vert det ofte store diskusjonar når folk skal ut på lengre turar. Det faktum at ei god natts søvn er viktig for å yte, kombinert med ynskjet om låg vekt og gjerne fornuftig pris, gjer at ein ofte tenkjer seg om både ein og to gonger. Me har i stor grad velt å nytte det me har frå før. Dette kan me, fordi at det me har frå før faktisk held mål. Telt er tryggleik. Søvn er restitusjon, og i siste ledd grunnleggande for tryggleiken.

Det er utruleg kor kort tid ein treng for på å rote ut eit heilt "rom"...
 Mantraet på vintertelt har jo alltid vore "4-manns til 3 personar og 3-manns til 3 personar", pga auka utstyrs-og klesmengde på vinteren. Ein har også potensielt meir "telttid" ved dårleg ver osv. Me har to like telt i 4-manns og 3-manns utgåve. Me går no for 3-mannsteltet, sjølv om me er tre. Dette hovudsakleg for å spare vekt. Me skal bere alt på ryggen dei siste dagane. 


Det ser så skjørt ut, men toler langt meir enn ein skulle tru.
Det skal seiast at dette teltet er eit reelt 3-mannstelt, ikkje eit 3-manstelt som eigentleg knapt har plass til to, slik det ofte kan vere i teltverda. 

Viktige krav ein stiller til eit langturstelt vinter er:

  1. Kraftig nok duk og stenger. Moglegheit for dobbelt stangsett ved turar der det er eit behov.
  2. Kjapt og enkelt oppsett, som let seg gjennomføre i dårleg ver med vottar på.
  3. God ventilasjon, med høgt plasserte ventilar som ikkje føykar nede. 
  4. Gjerne dør som tillet at du kan lage "terskel" for føyke; altså at du kan opne den frå toppen og stige inn, men dette er ikkje ei "must".
  5. Kraftige glidelåsar som ikkje isar sunde. 
  6. For komforten sin del er det godt med litt takhøgde, dog er det noko usemje kring dette då ein meinar at det auka vindfanget utgjer ein tryggleiksrisiko. 
  7. Ein del folk sett pris på eit stort fortelt, då ein har moglegheite til å grave grop som gjer at ein kan stå oppreist å halde på. Det er heller ikkje alle som er komfortable me då ha brennaren inne i innnerteltet,  pga trygleiken. I tillegg avgis det ved snøsmelsting ein del damp som legg seg i innerteltet og etterkvart frys til rim. 
  8. Når ein er fleir enn 2 personar i eit telt er det greit med 2 inngangar, om ein ikkje er over snittet velorganisert.
Desse krava finn ein tilfreddstilt i mange gode telt i dag. Dei har nokså stive veiledande prisar, men ein kan også vere heldig å finne dei til fine prisar knapt brukt på finn, i outlet eller på "utanfor-sessong-salg".

mandag 17. juli 2017

Formalia, myndigheiter og konsulenttenester


Før ei kryssing av Grønland, er det nokre formalia som må på plass.

Ferdselen på innlandsisen er regulert, og ein må søkje løyve for kryssing. Knytt til dette løyvet er det stilt ein del krav ein må innfri med omsyn til erfaring, kompetanse og utstyr. Me skal her forsøke å gjere greie for desse formalia i kronologisk rekkefølgje, kanskje kan det vere til nytte for deg om du skal gjere det same seinare :)

1: Søkje løyve elektronisk. I tillegg til opplysningar om opphaldets varigheit, formål, rute og logistikk, samt personopplysningar, må ein oppgi nummer til satelittelefon, nødpeilesendar, evt InReach, samt radionummer. Ein må oppgi om ein tek med våpen eller andre sikringsmidlar med omsynt til isbjørn. Det er ein del informasjon som skal inn i denne søknaden, så det er lurt å starte tidleg. Vi søkte i starten av Mars. For ei vårkryssing ville eg vore enno tidlegare ute.

2: Betale søknadsavgift på 4 000 danske kroner. Ettersende kvittering til ekspedisjonskontoret hjå Ministry of Nature and Environment.

3: Søkje VHF/radioløyve.



4: Ordne med SARforsikring (per dato berre Kalaallit som tilbyr denne) og betale den i tide, i henhald til gjeldande reglar. Endar typisk på mellom 7 500 NOK og 15 000 NOK for ei kryssing.

Lars Ebbesen er ein ringrev i polare eventyr og ekspedisjonar, og han sel ymse konsulenttenester, etter kva ein har behov for. Me har velt å nytte han til mellom anna verteneste medan me er på Grønland, til å kome i kontakt med aktørar som tilbyr båtskyss og for bistand til papirarbeidet. Dei siste to punkta vil me i stor grad kunne gjere sjølve. Det har me gjort når me har vore på Svalbard, og gjer det nok ved neste anledning. 

Likevel; det å ha ein slik ressurs med seg no, når ein gjer det for første gang, ved sida av familie og full jobb, har vore ei sann velsigning, og særs lærerikt. Grønland er hakket meir omfattande papirmessig enn Svalbard. Det renn Grønlandskunnskap ut av mannen, og denne nyt me godt av. 

Trening, pakking, logsitikk og matplanar lagar me i hovudsak sjølve, med Lars som ein nyttig sparringpartner. Berre det å få stadfesta at ein er på rett spor, kan innimellom vere godt. 

lørdag 17. juni 2017

Trening

Sjølv om me er ein gjeng som har nokre kilometer med tur i beina får før, vil ein slik tur som dette krevje spesifikk førebuing retta mot det me skal drive med, fordi belastninga er over tid. Ingen av oss har vore på skitur meir enn 14 dagar før. No skal me doble dette. Pulkforma vår vert såleis ein kombinasjon av "kilometer frå tidlegare turliv" og fersk form. Me dreg dekk og pulk for å herde senjane våre, som ofte er det som saman med alvorlege gnagsår, kan gi mest trøbbel og vere vanskeligst å handtere ute i felt. Ein tverkette muskel finnast det råd for, men betennelsar er ofte noko som får fylje ein resten av turen om ein først dreg han på seg. Å drage dekk er i lengda ein noko monoton aktivitet. Difor er me glade for at me bur slik som me gjer, og kan variere med både terreng og type tur, og få litt natur på kjøpet.

Ikkje akkurat dekkterreng....men fin avveksling. Foto: Rune Sæbønes

Me har gjennom året prøvd å variere med antal dekk, kilometer og stigning, men siste månadane fram mot avreise er det kilometervolum som tel, og me prøvar komme oss opp på 6 - 8 t i veka med dekktrekk.

To dekk på ei kvardagsøkt. I midtveka vert det sjeldan meir enn 10 km.

Det er ikkje til å kome frå at me nok synes at reell pulktrekking er hakket meir givande. I tillegg til at me då opererar i vårt "rette element", gir det god skiteknikktrening.

Å fylle gamle maursyredunkar, evt dunkar for syre og base, med vatn, er tingen for å få vekt i pulken. 

Me har lagt på mellom 50 og 90 kg i treningspulken i vinter.

I tillegg til trekking trenar me kondisjon og styrketrening i ymse variantar. Ein treng det, båe for å bygge styrke, og for å herde senjar og ligament, og vonleg unngå betendelsar som følge av ensidig belastning over tid. Mange har spurt om det ikkje vert feil  å trene hard kondisjon når det er "det lange seige draget" som tel. Til det er svaret at ein dæsj målretta konsdisjonstrening gjer noko både med sirkulasjon til musklar i arbeid og oksygenopptak. Eit ok oksygenopptak har noko å seie både for den generelle formen, og ikkje minst for restitusjon, både frå dag til dag, og etter utfordrande økter framfor pulken. Me seier difor; ja takk båe deler! Styrketreninga skil seg frå person til person i turfølgjet, men å styrke dei store musklane i kroppen er fokuset, samt å styrke kjernemuskulatur. Denne er spesielt viktig for god hofte- og rygghelse  på slike turar.

Linda si styrketrening går i stor grad i å lyfte vekter.
Dei sist to mnd før avreise skal forma vere lagt der ho trengs, og ein skal drive vedlikehald. Det er om å gjere å gå inn i ein "toppidrettsmodus", iflg polarveteran- og ekspert Lars Ebbesen. Det vil seie å gjere som toppidrettsutøvarane gjer til ei kvar tid; vokte seg vel for baseluskar, overbelastning og småskadar. Det er så kort tid til avreise, at ein truleg vil stille med redusert kapasitet på startstreken dersom ein dreg på seg noko i desse tider.

For Linda vil det seie å ikkje løpe i terreng der ho kan utsette ankelen sin for overtrakk som riv oppatt det ho skadde i fjor. For Miranda vil det seie å passe kneet sitt, for Martin vil det seie å ikkje dra på seg noko i senjane ved dekktrening fordi han ikkje har dradd så mykje pulk tidlegare, og for Therese vil det seie å halde hofter og skuldrar fleksible og mobile, for å unngå stramme musklar med påfylgjande betennelsar.

Til sist er det berre å seie at det er lite som byggjer turform slik som det å vere på tur. Til tross for mykje overtidsarbeid for å ha råd til å reise, konfirmasjonar, eksamenar og alt anna som livet byd på, har me fått stappa innimellom nokre viktige turdagar. Me har vitja Tafjordfjella, Hardangervidda,  Jostedalsbreen og Jotunheimen, og elles teke småturar der me har fått det til. Slik har me satt gruppe, fått gjort omrokkeringar, og sist men ikkje minst, fått ein påminnar om kvifor me legg ned så mykje tid og arbeid i få få til denne turen.

Stunder som desse.


Ha ein fin Laurdag!

fredag 9. juni 2017

Eggepulver på 1 - 2 - 3 - 4

Her fyk dagane avgårde, og mange av førebuingane rekk ikkje sjå dagens lys på bloggen før me er i gang med nye. Me skal likevel prøve å vere litt flinke å legge ut mellom anna oppskrifter på mat og pakkelister. Dette er innlegg og informasjon me veit at folk ofte finn nyttig, så det vert prioritert. Først ut er eggepulver. Dette kan lagast på to måtar. Ein kan steike eggerøre, for så å tørke og male denne til eggepulver, eller ein kan piske egga, tømme dei i tynne lag i langpanner, og tørke på direkten utan forsteiking. Den siste varianten er nok den mest ideelle for dei fleste turar, då ein slik tek steikeprosessen for "første" gang når ein nyttar pulveret på tur, og det vil vere enklare å få produktet til å "henge saman", til dømes i ein omelett. 


 Me laga pulver av 20 egg i denne omgang. Omlag to "luksusmåltid" per mann.

Me har likevel valgt å steike eggerøre og male. Det er rett og lett fordi me manglar litt erfaring med eggepulver, og er usikre på haldbarheita når det er såpass lang tid til avreise, og me skal vere lenge borte. Så får det stå si prøve at det vert meir i småmålar når ein skal bruke det. Eg er likevel viss på at det vil smake himmelsk på dag 14 på tur, saman med meierismør, salt og pepar, på eit nysteikt rundstykke.

1: Pisk saman det ynskte antal egg.

2: Steik egegrøre, utan å ha noko anna i enn piska egg. 

3: Spre eggerøra utover eit steikebrett med bakepapir, prøv å rive bitane i minst moglege målar så dei tørkar skikkeleg. Tørk på 60 - 80 grader på varmluft, eller i dehydrator om du har det.

Ferdig tørka har eggerøra fått ein gylden farge og er heilt crispy.

4: Mal opp egga. Bruk litt tid for å få det mest mogleg pulveraktig, gjerne 5 min eller meir.

Det ferdige resultat av 20 egg. Frost- og knusesikkert, haldbart, med lågt volum og ein betydeleg vektreduksjon. Desse 20 vart 260 gr.eggepulver. 

Ved bruk er forholdet omlag 2 delar vatn til ein del egg. 2 ss egg tilsvarar omtrent eit egg.

Bon apetit :) 

tirsdag 4. april 2017

"Send me an invoice" - sommarfuglar i magen

Då er det altså gjort. Gjennom grønlandske myndigheiter si nye e-løysing, har me fått fullført og sendt inn vår søknad om å få krysse innlandsisen. Etterkvart om me får på plass VHF tillatelse og nummer, ettersender me dette. Saman med opplysningar om satelittelefon, PLB (nødpeilesendar) og InReach skal dette utgjere vårt "kommunikasjonsmessige tryggleiksnett", som igjen inngår i vår overordna tryggleiks- og beredskapsplan. 





Ein annan del av denne planen er polarveteran og superkonsulent Lars Ebbesen (forøvrig vel verdt eit lite googlesøk!). Me har velt å kjøpe enkelte konsulenttenester av han, og dreg vekslar på hans kompetanse om formalia, koordinatar/rute og logistikk. I tillegg skal han yte "vertenester" når me er på tur over. Det er herleg å ha tilgang til ein slik ressurs! Det sparar oss for ein del tid.

Og ein ting er sikkert, og det er at tid treng me. For ikkje lenge sidan var det to år til 2017, og me hadde eit hav av den. No er det i underkant av 5 mnd att til avgang, tid er i ferd med å verte ein knapp ressurs, og sommarfuglane tek for alvor til å gjere sitt inntog! Me kryssar fingrar for at alt går som det skal dei neste månadane, og dristar oss til å spørje, om kanskje du også kan krysse dine littegranne for oss?  På førehand takk! :D



mandag 6. mars 2017

Pulkar i fleng

Då har pulkane, eller sklibretta som dette eigentleg er, som me skal bruke på Grønland ankomt. 

I utgangspunktet var planen at me skulle bere med oss alt på ryggen dei siste dagane ut Austmannadalen. Me velde difor å kjøpe to slike brett (parispulk er typen) kvar, og nytte som eit "pulktog", framfor ein stor, tung (og dyr) pulk. Ein parispulk veg lite og er rimeleg.

Legg forresten merkje til fargeforskjellen på dei nye mot eit av dei gamle bretta mine som står ved sidan av! Ingen tvil om at me skal vere sjølvlysande nok i alle fall :D

No kan det imidlertid sjå ut som me skal sende delar av bagasjen ut med eit helikopter som likevel skal inn, og gå med lett sekk dei siste dagane. Då kan me verkeleg nyte å gå på føtene i eit fantastisk landskap, og vonleg få noko smørsteikt ishavsrøye på tallerkenen. 

Når ein ikkje skal bere pulken på ryggen, kunne ein kanskje ynskt seg ein pulk som eignar seg betre i laussnø (mange glasfiberpulkar flyt betre i snøen), men sluttkonklusjonen er at me har ei volum og vektbegrensing også i helikopteret, så det vert nok parisbretta som vert pakka på pallen når me sender bagasjen vår med båt i juli, likevel. Bretta har heilt greide eigenskapar, og store snøfall er meir eit vårfenomen enn eit haustfenomen på Grønland. Me kjenner oss difor nokså trygge på at dette skal fungere greit for oss.


tirsdag 10. januar 2017

Minusgrader at last!

Det er tirsdag, og eg har snart vore på jobb i 14 timar. Det klør i fingrane, for ute i bilen ligg pulk, ski, vedasekk, og utstyr klart å ventar på meg! Det er ikkje alltid like freistande med anten tur eller trening etter ein lang dag, men akkurat i dag gjer det, det! Og eg har sørga for å fortelle om planen min til dei aller fleste på jobb, so då  er eg nøydd å gjennomføre, kan ikkje pingle ut då! Etter jobb skal eg sette nasa mot Åmskaret, klar for ei natt i telt. Nattevakta vår, Bodil Skare, melder om 12 blå og stjerneklart ute, JIPPI!

Eg møter som avtala sambuaren min, John Magne, på Ørsta skisenter. Eg skal starte turen min her. Han står klar med hunden vår, Herkules, og resten av tinga eg gløymde å pakke i går. Eg skiftar kle i bilen, så er eg klar!

Klar for start, tett på kl 23.00.

Hovudlykta kjem på etter 4 km.


Ved ankomst Åmskaret, 1t og 40 min etter start, ser eg opp mot Åmnipa. "Søren, vi går dit! Tenk på utsikta i mogontidleg". Hehe, lite visste eg kva som no venta meg!


Utanfor løypa er det ikkje særleg med berande snøv. Eg synk gjennom til oklen, og Herkules til magen. Han skjønar ikkje kvifor vi må gå denne vegen. Han går bak meg, etter å ha ført vegen heilt hit.



Eg stoppar opp etter 15 min, midt i sida av Åmnipa. Herkules heng fortsatt med, men skjønar framleis ikkje kva som er vitsen med dette. Han kryp litt saman, og gir meg eit spørjande blikk.


Det tek meg nesten 30 min å få opp første pulken. Eg sett opp teltet og lagar til slik at Herkules kan vente her medan eg hentar pulken der veden ligg.

Teltet Hilleberg Nallo, 2-manns. Akkurat passe for meg og Herkules på eventyr.


Det tek ikkje noko mindre tid med neste tur, med veden på slep. Litt høgare tyngdepunkt på denne lasta, så her rulla det godt sidelengs i brattaste lende. Meget hyggeleg, kl 02.00 på natta. Eg spør  meg sjølv kvifor eg ikkje berre kunne slå camp på Åmskaret..?



Endeleg! Eg grev ei bålgrop, rettar meg til med liggeunderlag, mat og kakao. Herkules også syntest det er godt med ei matskål no. Vel fortent, begge to. Det er slike stunder som gjer dette til et særprega behov, å halde på slik. Desse stundene gir så mykje.  Den lange dagen på jobb er ein saga blott, like så slitet med pulkane opp siste bakken. No kan eg berre sitte å nyte. Stjerneklart, nordlys, bål, og stillheit. Energipåfyll.




Klokka bikkar 04.00 før me kryp til køys. Herkules sovnar før eg rekk å seie god natt. Eg er litt spent på denne natta, om han kjem til å fryse. Det er første vinterturen eg tek han med i telt, og første gongen han søv inne i telte saman med meg. Han ligg til vanleg i ytterteltet. Eg dreg soveposen heilt over meg, og satsar på det går bra. Det går ikkje lenge før eg er i drøymeland eg også.

Han ser ikkje ut til å lide nåka nød.

Morgenstund, har gull i munn!

Alarmen ringer kl 09.30. Eg har selvfølgeleg klart å booke ein synstest i dag kl 13.10, så vi får ikkje all skjønnheitssøvnen vår. Putt putt! Eg kjenner på meg at det fortsatt er minusgrader ute, målaren på snappen min viser -7. Fortsatt fint, med litt skyer sigande.




Good morning! :D

Nyte utsikta litt før vi riv campen!

Framover mot Follestaddalen

"Ørstaperlå".

Bakover mot Kvanndalsfjella


Eg tek ned teltet og pakkar i hop. Spenner på meg skina, og setter utføre med mild bekymring for korleis det skal gå. Glad for at stilen ikkje skal dømmast, her er det berre om og med å kome ned like heil!



Det går strålande dei første metera.. :D


Men so starta morroa... Det blir nåkre velt og rykk før vi kjem ned til løypa.



Nydeleg! Trakkemaskina kom akkurat i det vi entra løypa, so dette var digg! Blide og fornøgde trakka vi oss mot bilen.



 Ein fornøgd Herkules som endeleg er på godt underlag!



 Mål!

Det følest litt lettare å gå i dag. Eg hadde tross alt ein halv vedasekk mindre i lasta, men vi brukte fortsatt 1t og 30 min tilbake til bilen. Målinga på Endomondoen min viser litt over 12 km på heile turen. Eg gjekk med halvfellar. Det er anbelat å trene med fellar mot lengre turar som ei Grønlandskryssing. Så då gjer vi det!


 Det tek på med ei vinternatt ute.

Eg veg pulkane på bacon-vekta når eg kjem heim. Det viser seg at det eg trudde var ca 60 kg, i realiteten er 73,5 kg. Då seier eg meg veldig fornøgd med denne økta. Håper på fleire slike, også saman med resten av gjengen!


Grise-vekta kan brukast til so mongt!

onsdag 4. januar 2017

Endeleg snø på Sunnmøre

Medan Henrik og Hege på Lillehammer har hatt sin første telttur med pulk for lenge sidan, har me på Sunnmøre stort sett hatt sidelengs regn og plussgrader. Men no, endeleg, er det nok snø til at me også her kan stable vekk dekka og leite fram pulken. Som vekt i den ligg maursyredunkar fylte med vatn, og ymse småkolli med ved. Ved sesongstart lesser me den til omlag 45 kg. Ettervart må me trappe opp intensiteteten, men enn så lenge ligg vekta og varigheita på treningsøktene på eit nivå som gjer at livet mellom snøtunge graner er "helt ålreit".

Det skjer forresten noko med ein, noko nesten magisk, når ein får legge seg i selen att. Go'kjensla kjem fort, det er nærast ein meditativ tilstand. Herleg! 

Foto: Linda Eirin Eiken 


fredag 30. desember 2016

Hit går ferda

Når me reiser til Grønland skal me gå ei rute som er litt mindre brukt enn den klassiske "Grønland på tvers ruta". Denne ruta går frå aust til vest i staden for omvendt, og me skal gå på hausten. Rutene har uilke føremunar, og ulike utfordringar knytt til seg, likeins vår og haust. Sjølv om Nansenruta har eit historisk sus over seg, er det kanskje først og fremst variasjonene byd på, på denne årstida, som freistar oss mest.

Etter mykje logistikk med bagasje og eit miniopphald på Island, landar me vonleg i Kulusuk på austkysten av Grønland omlag 18 august. Derfrå flyg me viare med helikopter til Tasiilaq. 


Tasiilaq
Foto: The arctic journal

I Tasiilaq gjer me siste rest av førebuingar, før me båtar avgarde til Isortoq og vidare langs kysten til Umivik. Det går føre seg i eit tempo bestemt av ver og føre på sjøen, men vonleg har me første natt på isen ved Umivik 20-21 august. Det vil seie, om me overhovudet kjem oss frå austkysten.....fleire av oss er like spente på austkysten som på resten av ferda, og kjenner eg  meg sjølv, kan eg ratt verte freista til å bli verande att!

Grov oversikt over reise- og skirute
Frå Umivik på austkysten ventar det oss ein stad mellom 21  - 25 dagar på ski, der me etter eit litt kronglette brefall står på toppen av Austmannadalen, på vestkysten. Der ventar det oss tre dagar med vandring. Draumen går i ishavsrøye i meierismør, salt og pepar, gode bål, og ein visitt ved Nansens gamle teltplass samt restane etter vikingbusettingane som finnast der. Vel ute av dalen vert me plukka opp av båt og skyssa til Nuuk. Der er det vel store sjangsar for at me fleskar til med biff og bernaise :)