Viser innlegg med etiketten PLB. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten PLB. Vis alle innlegg

mandag 17. juli 2017

Formalia, myndigheiter og konsulenttenester


Før ei kryssing av Grønland, er det nokre formalia som må på plass.

Ferdselen på innlandsisen er regulert, og ein må søkje løyve for kryssing. Knytt til dette løyvet er det stilt ein del krav ein må innfri med omsyn til erfaring, kompetanse og utstyr. Me skal her forsøke å gjere greie for desse formalia i kronologisk rekkefølgje, kanskje kan det vere til nytte for deg om du skal gjere det same seinare :)

1: Søkje løyve elektronisk. I tillegg til opplysningar om opphaldets varigheit, formål, rute og logistikk, samt personopplysningar, må ein oppgi nummer til satelittelefon, nødpeilesendar, evt InReach, samt radionummer. Ein må oppgi om ein tek med våpen eller andre sikringsmidlar med omsynt til isbjørn. Det er ein del informasjon som skal inn i denne søknaden, så det er lurt å starte tidleg. Vi søkte i starten av Mars. For ei vårkryssing ville eg vore enno tidlegare ute.

2: Betale søknadsavgift på 4 000 danske kroner. Ettersende kvittering til ekspedisjonskontoret hjå Ministry of Nature and Environment.

3: Søkje VHF/radioløyve.



4: Ordne med SARforsikring (per dato berre Kalaallit som tilbyr denne) og betale den i tide, i henhald til gjeldande reglar. Endar typisk på mellom 7 500 NOK og 15 000 NOK for ei kryssing.

Lars Ebbesen er ein ringrev i polare eventyr og ekspedisjonar, og han sel ymse konsulenttenester, etter kva ein har behov for. Me har velt å nytte han til mellom anna verteneste medan me er på Grønland, til å kome i kontakt med aktørar som tilbyr båtskyss og for bistand til papirarbeidet. Dei siste to punkta vil me i stor grad kunne gjere sjølve. Det har me gjort når me har vore på Svalbard, og gjer det nok ved neste anledning. 

Likevel; det å ha ein slik ressurs med seg no, når ein gjer det for første gang, ved sida av familie og full jobb, har vore ei sann velsigning, og særs lærerikt. Grønland er hakket meir omfattande papirmessig enn Svalbard. Det renn Grønlandskunnskap ut av mannen, og denne nyt me godt av. 

Trening, pakking, logsitikk og matplanar lagar me i hovudsak sjølve, med Lars som ein nyttig sparringpartner. Berre det å få stadfesta at ein er på rett spor, kan innimellom vere godt. 

tirsdag 4. april 2017

"Send me an invoice" - sommarfuglar i magen

Då er det altså gjort. Gjennom grønlandske myndigheiter si nye e-løysing, har me fått fullført og sendt inn vår søknad om å få krysse innlandsisen. Etterkvart om me får på plass VHF tillatelse og nummer, ettersender me dette. Saman med opplysningar om satelittelefon, PLB (nødpeilesendar) og InReach skal dette utgjere vårt "kommunikasjonsmessige tryggleiksnett", som igjen inngår i vår overordna tryggleiks- og beredskapsplan. 





Ein annan del av denne planen er polarveteran og superkonsulent Lars Ebbesen (forøvrig vel verdt eit lite googlesøk!). Me har velt å kjøpe enkelte konsulenttenester av han, og dreg vekslar på hans kompetanse om formalia, koordinatar/rute og logistikk. I tillegg skal han yte "vertenester" når me er på tur over. Det er herleg å ha tilgang til ein slik ressurs! Det sparar oss for ein del tid.

Og ein ting er sikkert, og det er at tid treng me. For ikkje lenge sidan var det to år til 2017, og me hadde eit hav av den. No er det i underkant av 5 mnd att til avgang, tid er i ferd med å verte ein knapp ressurs, og sommarfuglane tek for alvor til å gjere sitt inntog! Me kryssar fingrar for at alt går som det skal dei neste månadane, og dristar oss til å spørje, om kanskje du også kan krysse dine littegranne for oss?  På førehand takk! :D